SEGNER PÅ NETTET
Sjøorm i Suldalsvatnet
Langt og smalt, klemt mellom stupbratte fjell på begge sider, ligg Suldalsvatnet i øvre enden av dalen, 72 meter over havet og om lag 28 km. langt. Gamle suldalsfolk plar gjerne seia at Suldalsvatnet er noko for seg sjølv. Ikkje nok med at det ligg der som eit kjælebarn i hjarta av bygda. Det særmerkte er at det ikkje skal finnast botn i vatnet. Kjem du ut på midten av det, er det ikkje botn. Du kan freista med lodd eller line; botn finn du ikkje. Folk har sagta målt, men ikkje snøre av noko slag nådde botn. Det er ikkje godt å finna det som ikkje er til, seier folk.

Det er mykje gåtefullt med Suldalsvatnet. Her heldt sjøormen seg før i tida. Folk visste godt at han var der, og dei såg han no og då. Men den karen brydde seg ikkje om å syna seg for alle og einkvar. Han hadde djupna for seg sjølv, må vita.

Eg hugsar så godt kva han gamle Tjostolf ?rteig fortalde. Det er no mange år sidan. - Det finst folk, sa Tjostolf, som seier at dette med sjøorm og veldig svære dyr og anna herk i vatnet berre er skrømt og løgn og fanteskap, men eg - legg han til med stort alvor - eg har no sett så mykje at eg veit betre enn som så.

Det var ein gong eg rodde frå Hamrabø og utover. Det vart kveld og noko mørkt. Eg var åleine i båten og hadde eit par tylfter med bord i bakskoten. Dei stakk ut over esinga og gav skugge frå seg nedi vatnet. Veret var fint, vatnet låg stilt og mørkt med skuggen av fjella på båe sider.

Best som eg rodde skaut det opp eit stort, svart hovud om lag 50 alner utanfor båten min. Eg lest som eg ikkje merka noko, berre rodde som før. Men det svarte utysket sumde fortare enn eg rodde. Det stod som ein kvit foss om brystet på det. Eg var nokså langrt ute på vatnet. Kva skulde eg gjera?

Best det var dukka dyret, men berre for ein augneblink. Så kom det opp att, og no tett ved sida av båten. Eit stort, svart uhyggeleg fælt hovud hadde det, med gloande auge som det vrengde stygt. Kor lang han var kan eg ikkje seia, for det var som sagt litt mørkt. Ei stund tenkte eg på å ta ein båtshake og stikka i hovudet på karen. Men eg betenkte meg. Det kunne bli farleg, og eg var åleine. Han kunde ta både meg og båten, styggen. No ja. Det gjekk godt. Beistet forsvann etter kvart då eg kom nærare land. Eg trur nærast at han ikkje var ute på noko vondt. Han ville vel berre sjå på dei lyse bordendane som stakk ut av bakskoten.

Oppe ved Roaldkvam hende det for ei tid sidan at det vart svært uroleg nede i vatnet. Folk såg eit uhyre som sette vatnet i kok nede ved sagbruket. Ein såg eit veldeg stort hovud som stakk opp over vassflata rett som det var. Og frå botnen steig det mengder av bobler opp. Mange såg alt dette, men ingen våga seg ut til uhyret.

Ein av oppsitjarane, kommandersersjant Jakob Roaldkvam, meinte det var ikkje så farleg. Han ville undersøkja kva det kunne vera. Men det var vanskeleg å få nokon med. Jo, så fekk han Tormod Roaldkvam og ein gut med seg, og dei rodde utpå og såg nøye etter med kikkert og anna.

Det synte seg då at det heile kom seg av at det på botnen utfor sagbruket hadde hopa seg opp ei mengd med sagmugg. Dette hadde lege og rotna og gått i gjæring slik at det vart mykje gass. Denne gassen hadde strøymt ut og eksplodert gong på gong. Dette hadde støytt opp trestammer med røter, stokkar og greiner heilt opp i vasskorpa.

Dette var sjøormen ved Roaldkvam. Slik er det i vår realistiske tid. (bb/ntø)
Kjelde:x NFS Tor Skiftun 4. Oppskrive 1928
Ordkommentar: ei tylft =tolv stykke
Kommune:x Suldal
Stad:x..Suldal > Hamrabø, Roaldkvam
Segntype:x.. Mytisk tradisjon
Tema:xHavfrue/havhest/sjørom
Kjeldetekst:. Sjøormsegner frå Suldal
Langt og smalt, klemt millom sturtbratte fjell på båe sidor, ligg Suldalsvatnet i øvre enden av dalen, 72 meter over havet og umlag 28 km. langt. Gamle suldalsfolk plar gjerne segja at Suldalsvatnet er noko for seg sjølv. Inkje nok med at det ligg der som eit kjælebarn i hjarta av bygdi. Det særmerkte er at det ikkje skal finnast botn i vatnet. Kjem du ut på midten av det er det ikkje botn. Du kan freista med lodd eller lina: botn finn du ikkje. Folk har sagta mælt, men korkje snøre eller nokon slag greidor nådde botn. Det er ikkje godt å finna det som ikkje er til, segjer folk.

Det er mykje løynlegt med Suldalsvatnet. Her heldt sjøormen seg fyrr i tida. Folk visste vel han var der og såg han ender og då. Den karen brydde seg ikkje um å syna seg for jan og kvar mann. Han hadde djupne for seg, må vita.
(---)

Eg hugsar so godt kva han gamle Tjostolf Årteig fortalde. Det er no mange år sidan.
Det fins folk, sa han Tjostolf, som segjer at dette med sjøorm og voldeg svære dyr og anna tyras i vatnet er berre skrymt og lygn og fantaskap, men eg - legg han til med salvelse - eg hev no set so mykje at eg veit betre en som so.
Det var ein gong eg rodde frå Hamrabø og utover. Det vart kveld og noko myrkt. Eg var åleine i båten og hadde eit par tylvter med bord i bakskoten. Dei stakk ut over esinga og gav skugge frå seg nedi vatnet. Veret var fint, vatnet låg stilt og myrkt med skuggen av fjelli på båe sidor.

Best eg rodde skaut det upp it stort svart hove pålag 50 alner utanfor båten min. Eg lest ikkje vedgå, berre rodde som fyrr. Men det svarte utysket svam fortare enn (eg) rodde. Kvite fossen stod for bringa på det. Eg var nokso langt ute på vatnet. Kva skulde eg gjera?
Best det var søkte det seg. Men berre for ein augnablink, so kom det att, og no tett upp med sida av båten. Eit stort, svart uhyggeleg fælt hove. Med gloande augo som rengde stygt. Kor lange han var kan eg inkje segja, for det var som sagt noko myrkt.

Eit bil tenkte eg å taka ein båtshage og renna i hove på karen. Men eg betenkte meg. Det kunde verta fårleg. Eg var åleina. Han kunde taka både meg og båten, styggen.No ja. Det gjekk godt. Beistet kvarv burt etter kvart, då eg kom nærare land. Eg er nærast av den meiningi at han ikkje var ute på noko vondt. Vilde berre bisnast på dei ljose bordendane som stakk ut av bakskoten.

Uppe ved Roaldkvam hende det for noko tid sidan at det vart svært uroleg nede i vatnet. Folk såg eit uhyre som sette vatne i kok nede ved sagbruket. Ein såg eit veldeg stort hove som stakk upp av vatsflata rett som det var. Og frå botnen steig det bobler upp i mengd. Mange såg alt dette, men ingen våga seg ut til uhyret.

Ein av uppsitjarane, kommandersersjant Jakob Roaldkvam meinte det var ikkje so farleg. Han vilde røkkja etter kvad det konde vera. Men det var vandt å få nokon med. Jau, so fekk han Tormod Roaldkvam og ein gut med seg. Og dei rodde utpå såg nøgje etter med kikert og aune.

Det synte seg då at det heile kom seg av, at det på botnen utfor sagbruket hadde hopa seg upp ei mengd med sagmugg. Dette hadde legje rotna og gjenge i gjæring, so det vart masser av gass. Det hadde brote ut, eksplodera gong på gongstøyt upp trestammer med røter og annat, stokkar og greinor, heilt upp i vatsskorpa.Det var sjøormen i Roaldkvam. Soleis går det i vår realistiske tid.
1022 (Redigering)